Skrivereisa gjennom bacheloroppgåva

No har eg gått tre år på NTNU og er inne i halvåret der eg skal skrive bacheloroppgåva mi. Les vidare for å sjå at skrivereisa ikkje er så skummel som du kanskje trur!

Intens undervisning

Oppstarten etter juleferien starta med eit par veker intens undervisning. Dette var det obligatoriske faget metode og metodologi i statsvitskap. Og eit sjølvvald fag som heiter spesialiseringsfag i politisk åtferd og politisk kommunikasjon.

Undervisninga avslutta i ein skuleeksamen og ein fem-dagars eksamen i starten av mars. Etter desse eksamenane var unnagjort starta prosessen med bacheloroppgåva. Å ha eksamensperiode så tidleg i semesteret var nokså stress, men veldig herleg å berre kunne fokusere på bacheloroppgåva og ingenting anna etterpå.

Dragvoll i snø og solnedgang.

Tema til oppgåve

I januar måtte alle skissere ned ideane sine om tema til bacheloroppgåva. Eg hadde heile hausten 2022 tenkt at eg ville skrive om sosiale medium og politikk på ein eller anna måte. Eg gjekk for å undersøke politiske parti sine strategiar under politiske valkampar på Instagram. Etter innsending av idé fekk me tildelt rettleiar, som vidare hjalp oss med formulering og avgrensing av oppgåva.

Eg vart oppmoda av rettleiaren til å velje to parti med store forskjellar, dermed valde eg å sjå nærmare på det store partiet Høgre og det nyoppstarta partiet Sentrum. For å halde oppe motivasjonen hjalp det veldig å velje eit tema eg var oppteken av og ønska å undersøke grundigare.

Når eg hadde vald tema formulerte eg ein problemstilling og også fleire forskingsspørsmål som gjorde det lettare å orientere seg gjennom teksten, og som også hjalp til å svare på problemstillinga.

Lesesalstips på Dragvoll: over brua på biblioteket.

Skriveprosessen

Eg starta skriveprosessen med å finne tidlegare tekstar om sosiale medium og politiske parti. Eit tips universitetsbibliotekaren gav oss er å alltid sjå på kjeldelista til tidlegare litteratur om temaet du har bestemt deg for. Dette hjalp mykje for å finne god litteratur på temaet.

Då eg først byrja å skrive, skreiv eg ned det eg ønska å ha med, og tenkte ikkje over korleis eg skreiv det. Dette var ikkje “perfekte” setningar, men heller hovudpoeng eg ønska å ta med vidare, og reinskreiv seinare. Likevel er det ingen fasit på korleis skriveprosessen er, og eg oppmodar deg til å gjere det som funkar best for deg.

Inndelinga

Eg delte oppgåva inn i seks ulike delar. Den første delen var innleiinga. Her skreiv eg først ned tankane mine, men skreiv ikkje dette ferdig før resten av oppgåva var skriven. Då såg eg kva retning resten av teksten tok, som gjorde det enklare å presentere innleiinga til slutt. Den neste delen var teorien. Dette var eigentleg den kjekkaste delen sidan eg brukte tid på å leite gjennom ulike tekstar og djupdykke inn i temaet mitt.

Den tredje delen var metodekapittelet, dette var den mest utfordrande delen av oppgåva. Her er det forskjellege krav etter kva du studerar og skriv om. Eg gjekk for å gjennomføre ei kvantitativ innhaldsanalyse over fleire Instagram-innlegg til dei ulike partia. Og laga kategoriar som fortalde korleis partia brukte Instagram. Eg fekk eit attblikk med metodeprogrammet Stata, som eg eigentleg hadde fortreng sidan det første semesteret mitt. Likevel gjekk dette bra, men eg spurte rettleiaren min om mykje hjelp i denne delen for å lage tabellane som eg vidare brukte i diskusjonen.

Den fjerde delen var analysen. Her forklarte eg tabellane som var utarbeida i metodedelen som forklarte vidare om korleis partia brukte Instagram. Den vidare delen var diskusjonen som drøfta problemstillinga opp mot analysen. I ettertid skulle eg gjerne brukt lenger tid på diskusjonen sidan dette er den delen som bør vere lengst og også mest gjennomarbeida. Så eit tips til meg sjølv neste oppgåve er å sette av meir tid her.

Siste del av oppgåva var konklusjonen, der oppsummerte eg alt oppgåva undersøke. Kjeldelista og kjeldeføringa er også lurt å sette av god tid til. Gjennom studielaupet lærar du grundig korleis du skal kjeldeføre tekstar, og eg anbefaler deg å gjere dette utan noko hjelpeprogram før du er heilt trygg på korleis du gjer dette.

Ordkravet

Oppgåvas ordkrav var på 6500 til 8000 ord. Dette kan virke mykje når du tidlegare berre har skrive semesteroppgåvar på halvparten så mykje, men når du er inne i prosessen er det stor sjanse for at du heller endar opp med for mykje ord og må korte ned til slutt. Dagen eg leverte oppgåva starta eg dagen med over 8000 ord, men enda med å korte ned 500 ord! Godt innanfor ordkravet.

Avslutninga

Då eg byrja å kjenne meg ferdig med oppgåva sendte eg oppgåva til to andre medstudentar, og me leste gjennom kvarandre sine. Det kan også vere lurt å sende den til nokon som ikkje studerer det same som deg for å få deira innblikk på skrivinga, særleg rettskrivinga. Å unngå så mange skrivefeil som mogleg er med på å betre heilskapen til oppgåva.

Då dokumentet var ferdig laga eg forsida. Det var ganske stas med den fancy NTNU-forsida der du kan velje farge på oppgåva og liknande. Eg dobbelt- og trippeltsjekka dei formelle krava, også lasta eg opp oppgåva i innleveringsmappa.

No venter berre ein munnleg eksamen med rettleiar og sensor, der eg skal snakke om og svare på spørsmål om oppgåva mi.

Slik kan forsida sjå ut.

Tips til skrivinga undervegs:

  • Planlegg når du skal vere ferdig med dei ulike delane. Dette gjer at du har ei tidsramme å forhalde deg til.
  • Sit der du klarar å konsentrere deg; om det er biblioteket, på kafé eller i vrimlearealet.
  • Motiver deg saman med medstudentar og avtal tidspunkt for felles lunsj og pauser.
  • Lagre dokumentet ditt undervegs i ei digital sky for å sikre arbeidet ditt.
  • Skriv ut dokumentet undervegs. Ved å lese skrivinga di på papir finn du ofte fleire endringar enn digitalt.
  • Og ikkje minst; unn deg noko godt! Er det kanelbolla, brusen eller tacotysdagen som skal få deg gjennom skrivinga?

Om tre år er det kanskje nettopp du som har levert bacheloroppgåva di! Tre siste råd frå meg til deg er å vere tolmodig, søke skrivehjelp når du treng det, og tru på deg sjølv! Lukke til! Ta gjerne kontakt med oss i kommentarfeltet, eller send oss ei melding på Facebook eller Instagram (@ntnustudent). Sjekk gjerne også ut YouTube-kanalen eller Tiktoken vår!

-Maren, statsvitskap, 3. året

Leave a Reply