Sånn bur eg: Studentbolig på Moholt

Lurar du på korleis det er å bu i studentbolig i Trondheim? Les vidare for å sjekke ut korleis det er å bu i Moholt tårna!

Mitt tredje år i Trondheim

Å flytta ut for første gong kan vera både spennande og skrammande på same tid, men eg lovar deg at du lærar veldig mykje om deg sjølv og du får verdigfull erfaring!

Det første året mitt som student budde eg på Moholt i 4-mannskollektiv, noko eg likte godt! Likevel sakna eg ei stove i tillegg til kjøkkenet, difor søkte eg meg over til 15-mannskolektiva i Moholt tårna. Hybelen var også nyare og med eige bad, noko som er megadigg!

Moholt tårna

Rommet eg har fått er det største i etasjen. Berre 1 av 15 rom i kvar etasje er på 18 kvadratmeter medan dei 14 andre er på omtrent 12 kvadratmeter. Tårna består av ni etasjar og det er totalt fem tårn.

Det er både heis og trapp i alle etasjane. Nedst i kjellaren har alle eigen bod for oppbevaring, og det er felles vaskeri i ei av blokkene. Det kostar 23 kroner (pris frå 2023) for kvar vask, medan tørketrommel er gratis! Det er veldig praktisk at vaskesystemet går gjennom ein app, slik at eg alltid kan sjekke når det er ledige vaskemaskinar.

Eige bad og kjøkken med 14 andre

På kjøkkenet finn du utstyr som for eksempel steikepanne, tallerkenar og eggedelar. Tre stykk deler kjøleskap og frysar, der dokker blir einige om fordelinga om plassen. Og du har også di eiga skuffe og skap for oppbevaring av mat. Eg synast det er akkurat grei nok plass! Kjøkkenreiskapa er på deling, men du kan også velje å ha med dette sjølv om du ønsker det.

Fellesarealet har sofa, kjøkkenbord med stolar, og fjernsyn. Ein super aktivitet er å sjå ein serie eller liknande på ein fast kveld i veka!

Rommet har skrivepult, dusj og toalett, men madrass og stol må du fikse sjølv. Det er også eigen internett-ruter på rommet og god plass til oppbevaring for klede og hylleplass for bøker.

Eg hadde flaks med at det alt var på plass ei lita sofa og stol når eg overtok rommet.

Nærområdet

På Moholt kan ein finne den sundagsopne Bunnprisen i utkanten av studentbyen. Midt mellom tårna ligg biblioteket kor ein kan låne bøker, kjøpe kaffi eller sitte og studere. I andre etasje på bibliokteket ligg Sit loftet, her blir det invitert til kviss, brettspelkveldar, konsertar og liknande. Det er også ein stor barnehage her, og det er ikkje lange vegen til turmoglegheiter.

Det tek berre 15 minutt med buss til sentrum, 7 minutt til Gløshaugen og 5 minutt til Dragvoll! Eg synast det er veldig praktisk å ha kort bussveg til lesesalen, og gjer det lettare å reise dit.

Søke studentbolig

Studentsamskipnaden i Trondheim har fleire ulike bustadar i ulike storleikar og med ulik mengde studentar. Ei av dei største fordelane med å bu i studentbolig er at det vanlegvis er rimelegare enn å leige ein eigen leiligheit. Det kan også vera ein tryggare måte å flytte ut første gonga, sidan det er veldig enkelt å kontakte vaktmeister om noko er gale.

Du kan sjå Sit boligane her: Book bolig.

Tips for å bu i kollektiv

Ei anna stor fordel med å bu i studentbolig er det sosiale! Det å bu saman med andre studenar gir ein moglegheit til å møte nye menneske. Mange har ein travel kvardag med forelesingar, studie og jobb, og det å bu i studentbolig kan gjere det lettare å finne tid til å vere sosiale saman.

Moholt er kanskje også kjent for å vere populær blant internasjonale studentar, noko som gir moglegheit til å bu saman med andre studentar frå heile verda!

Mitt beste tips for å bu i kollektiv er å avtale faste rutinar for vaskin, og å halde seg til planen! Då blir det endå kjekkare med middagslaging, serietitting og å henge i fellesarealet!

Om du vurderer å bu i studentbolig i Trondheim, kan Moholt tårna vere eit flott alternativ for deg!


Lurar du på noko meir? Ta kontakt med oss i kommentarfeltet, eller send oss ei melding på Facebook eller Instagram (@ntnustudent). Sjekk gjerne også ut YouTube-kanalen vår eller Tiktoken vår for videoar relatert til studiar og studentlivet!

-Maren, statsvitskap, 3. året

Leave a Reply