Studere noko innan helse- og sosialfag?

Då kan Tunga bli ditt komande universitetsbygg! Les vidare for å bli kjent med bygget og studiane som er her!

Kva har Tunga å by på?

På Tunga høyrer fleire studiar innan helse- og sosialfag til!

Universitetsbygget består av to ulike delar. Du finn den flotte kantina som vart nyoppussa i 2019 i første etasje. Her kan ein nyte ein god lunsj saman med medstudentar mellom forelesingar. På biblioteket kan du låne bøker, få hjelp til litteratursøking eller lese saman på eit av fleire gruppeborda med sofa. Skulle du trenge pennar, post-it lapper og notatbøker finn du dette på bokhandlaren. Bygget rommar også fleire forelesingssaler, klasserom, lesesaler og grupperom.

Kor ligg Tunga?

Tunga er kanskje eit av dei minst kjente universitetsbygga i Trondheim sidan det ligg i utkanten av byen. Det er likevel ikkje like langt unna som det Dragvoll er!

IKEA og Burger King er nokon av bygget sine nærmaste naboar. For å kome deg hit kan du ta busslinjene 10 og 12. Der dei nærmaste busshaldeplassane er “Tungasletta” og “Iskremfabrikken”.

HER kan du sjekke ut på kartet kor Tunga ligg!

Studiane som høyrer til på Tunga

Her er ei oversikt over dei spennande studiane;

  • Ergoterapi (Bachelor)
    • Kva lærer eg? Blant anna…
      • Stikkorda kvardagsmeistring, rehabilitering og teknologi er viktige
        • Korleis tilrettelegge for enkeltmenneskets meistring og utføring av kvardagsaktiviteter gjennom trening og motivering
        • Korleis tilpasse omgivnadane best mogleg med velferdsteknologi, universell utforming og bustadtilpassing
        • Dette inneber å arbeide med menneske i forskjellege faser av livet
      • Du får arbeide med menneske i alle aldersgrupper og bidreg med løysningar når det oppstår ein vanskeleg situasjon mellom ein persons helse i kvardagen
      • Du får arbeide for at alle skal kunne delta aktivt og vere mest mogleg med i leik, læring, arbeid og kvardag
    • Det kan vere interessant å vite at ergoterapeut er ein verna tittel som krev autorisasjon frå Helsedirektoratet
    • På studiet får du også moglegheit til å fullføre fleire veker praksis
  • Fysioterapi (Bachelor)
    • Kva lærer eg? Blant anna…
      • Om kropp, rørsle og funksjon
      • Korleis behandle, forebygge og fremme helsa til enkeltmennesker og grupper
      • Kunnskap om fysiske, psykiske, sosiale og samfunnsmessige faktorar som påverkar folks rørslemoglegheiter, helse og livskvalitet
      • Korleis ulike fysiske, psykiske og sosiale faktorer påverkar kvarandre til å anten fremme eller hemme rørsle, aktivitet og deltaking
      • Korleis bruk av teknologi kan nyttast i dette arbeidet
    • Ergoterapeuter arbeider med helse på mange ulike arenaer og med fleire ulike pasientgrupper/brukarar, og du arbeider også tverrfagleg med andre yrkesgrupper
  • Audiologi (Bachelor)
    • Kva lærer eg? Blant anna…
      • Audiologiens historie, utvikling og plass i samfunnet
      • Kjenne til framtidige utfordringar innan fagfeltet og i samfunnet
      • Etisk teori, ulike verdioppfatningar og menneskesyn knytt til yrkesutøving
      • Høyrselssystemet si oppbygging
      • Samspelet mellom individ, funksjonsnedsetting og omgivnader
      • Psykososiale forhold, kroppens anatomi, funksjon og utvikling som krav for helse, aktivitet og deltaking
      • Relasjon og veiledningskompetanse som kan nyttast for å forstå og samhandle med brukarar og pårørande
    • Audiografer arbeider med å auke høyrselhemma mennesker si forutsetning for livsutvikling og deltaking i eit meiningsfylt sosialt liv
    • Typiske arbeidsoppgåver er gjennomføring av ulike tester for å finne høyrseltaps årsak og omfang, og for kartlegging av konsekvenser
    • Ansvar for rehabilitering gjennom rådgiving og høyreapparattilpassing
    • Audigrafer arbeider med å auke høyrselhemma menneskers forutsetning for livsutvikling og deltaking i eit meiningsfylt sosialt liv
  • Barnevernspedagog (Bachelor)
    • Kva lærer eg?
      • Oppveksten og barn si utvikling og utfolding
      • Vurdering av bekymringsmeldingar og utrgreiing av barn og familiers behov
      • Korleis kommunisere og samarbeide med barn og foreldre
      • Omsorgssvikt, vald, psykisk helse og psykiske vansker
      • Oppfølging av barn, unge og familier
    • Kva arbeider barnevernspedagoger med?
      • Hjelpe barn og unge som lev i utsatte livssitusjonar som omsorgssvikt, vald og overgrep til å leve trygge liv – finne gode løysningar for barn, unge og foreldre med sosiale pg psykiske utfordringar
      • Samarbeide med andre fagpersoner som lærarar, barnehagetilsette, politi, helsepersonell og fosterforeldre
  • Sosialt arbeid/sosionom (Bachelor)
    • Kva lærer eg?
      • Kunnskap og praktiske ferdigheiter du får bruk for i arbeid med mennesker i utfordrande livssituasjonar
      • Bidra til endring hjå menneske og omgivnandane for å betre livsituasjonar
      • Sosionomer arbeider med å bidra til å forebygge, løyse og å redusere sosiale problemer
      • Hjelpe menneske med å finne løysningar som kan forbetre livskvaliteten
      • Kan fungere som eit bindeledd mellom enkeltmennesker og ulike hjelpetilbod som samfunnet har
      • Kartlegge ressurser og behov for støtteordning og best mogleg for dei som har behov for det

Flytting til Helgasetr i 2024

Om dette blir ditt komande skulebygg er det verdt å merke seg at det alt i 2024 er planlagt at studiene skal flyttast til Helgasetr. Helgasetr skal samle alle helse- og sosialfaga på eit samla bygg i byen. HER kan du lese meir om prosjektet!

Andre studiar innan helse

NTNU tilbyr sjølvsagt også fleire studiar innan helse! Fleire av desse er på campus Øya i trondheim. Som til dømes vernepleie, sjukepleie, bevegelsesvitskap, medisin og paramedisin.

HER kan du også lese eit anna blogginnlegg om studiar som kombinerar helse og teknologi.


Om du er interessert i helse og sosialfag så haper eg nokon av desse studia kan passe deg! Hugs søknadsfristen 15. april. Om du lurer på noko meir om studiar, studentlivet eller noko heilt anna, ta kontakt med oss på Facebook og Instagram (@ntnustudent), youtube eller tiktok-kanalen vår!

Maren, statsvitskap, 3-året

Leave a Reply