Vekas student er Marita som går ein 3-årig bachelor i Kulturminneforvaltning i Trondheim. Lurer du på korleis studiekvardagen hennar er? Då er dette blogginnlegget for deg!

Kan du fortelle litt om deg sjølv?
Heihei! Eg heiter Marita, og er 22 år. Eg studerer kulturminneforvaltning, og er på mitt første år av ein 3-årig bachelor. Planen er å gå videre til ein 2-årig master etter fullført bachelor, som dei tilbyr her ved NTNU.
Før eg starta på denne bacheloren, tok eg ein ana bachelor i nordisk språk og litteratur, med religionsvitskap som breddeår (breddeår er et år i fleire bachelorprogram der ein vel fag sjølv). På fritida er eg mykje med venner, og sambuaren min. Eg er også leder av Kultura som er linjeforeininga til studiet, der me arrangerer mykje moro på fritida. Elles elskar eg å lese, spille, brodere og synge!
Kva handlar studiet ditt om?
Kulturminneforvaltning handlar i korte trekk om å ta vare på fortida og dei kulturminna me har. Me lærer derfor om ulike typar for kulturminne, både immaterielle (dans, mattradisjonar, musikk) og materielle (fysiske objekt som bygg, gamle reiskapar), og korleis me skal best mogleg ta vare på desse kulturminna til dei neste generasjonane. Studiet er svært tverrfagleg, og består av fag frå fleire ulike fagområde som: historie, kunsthistorie, arkeologi, geografi og sjølvfølgeleg kulturminneforvaltning. I denne bacheloren vil ein lære blant ana korleis ein skal bruke norsk lov til å forvalte kulturminna våre, korleis ein skal forvalte kulturminne i museum, forske lokalhistorisk materiale samt mykje meir.


På studiet vil ein også delta på fleire ekskursjonar og prosjekter, som vil kunne vere relevant til seinare arbeid. Til dømes var me i haust på besøk til Falstadsenteret, samt Stiklestad.
Kvifor valde du å studera Kulturminneforvaltning?
I ein tid der samfunnet endrar seg raskare enn nokon sinne, blir det stadig viktigare å ta vare på vår kulturarv og minner. Eg vil vere ein del av dette prosjektet om å velje kva vi vil ta vare på for våre neste generasjonar å sjå og lære om.
Eg har alltid vore interessert i historie, og spesielt lokalhistorie. Som liten foretrakk eg mykje heller å sjå på ein dokumentarfilm enn å sjå på Disney. Eg har alltid hatt ein tiltrekking til det gamle og fortida. Dette er nok ikkje rart med tanke på at eg var omringa av både materiell og immateriell kulturarv i den vesle heimbygda mi i Telemark. Frå barnehagen av dansa me folkedans til folkemusikk, og lærte om bygda vår med å sjå på alle bygningane og fenomena me hadde i bygda. Eg forstod dermed tidleg at vår kulturarv var noko eg ville jobbe med i framtida.
Eg hadde aldri høyrt om dette studie før eg allereie var i midten av min førre bachelor. Men med ein gong eg høyrte om studiet, visste eg at dette var for meg. Valet eg gjorde for 1 år sidan å starte på studiet, har eg ikkje angra 1 sekund på i det heile teke.
Korleis ser ei typisk studieveke ut for deg?
Ein typisk studieveke vil variere frå halvår til halvår, til og med veke til veke. Dette avhenger i om kor mange forelesningar og gruppetimer ein har per semester, og om ein har oppgåver eller ikkje å levere inn. I dette semesteret har eg forelesning 4 dagar i veka, pluss 2 gruppetimer. Dette er ikkje fulle dagar, men omtrent 2-4 timer med undervisning per dag. Gruppetimane er obligatoriske, som betyr at ein må møte opp i disse for å kunne gå opp til eksamen. Studiet består av mykje sjølvstudie, då forelesningane berre er eit supplement til pensumet. Mengda ein treng å lese vil variere frå fag til fag, samt semester til semester. Då er det kjempe fint å kunne bruke skulens område til å sitte å lese, noko eg ofte gjer. Særleg er det lurt å sitte å lese med andre, slikt at ein kan diskutere det ein har lest og hjelpe kvarandre å forstå pensumet betre.
Utanom skulearbeidet, gjeng ein del av tida til vervet mitt i linjeforeininga. Elles er eg med venner, spelar på pc-en/switch-en/playstation-en, broderer eller ser på film og serie med sambuaren min😊
Korleis likar du Trondheim som studieby?
Eg elskar Trondheim som studieby! Det er noko å finne på heile tida om ein ønsker! Det eg merka først med å flytte til ein storby, var at ein lett fant folk som var lik meg sjølv. Det er utruleg mange ulike organisasjonar og møteplassar, som er retta mot alle slags interesser! Trondheim er også tilpassa for studentar, og har studentrabatt på dei fleste restaurantane og arrangement. Dette gjer at ein lett kan kunne finne på ting utan at det skal brenne i lommeboka. Einaste minuset for meg er at det er så langt borte frå familien, men utanom det er det kjempe bra her.


Studentmiljøet på kulturminneforvaltning er også supert! Linjeforeininga Kultura sørger for å arrangere arrangement utanfor skulen for dei på studie, slikt som fester, quiz, fagrelevante turar, bowling og mykje meir! Følg oss gjerne på Instagram om du ønsker å sjå meire av det me finner på! @kulturalinjeforening
Kva kunne du tenkje deg å jobbe med når du er ferdig med studia?
Eg veit ikkje heilt kva eg nøyaktig vil jobbe med etter studiet. Det som er fint med dette studiet er at eg kan jobbe med så mykje ulikt! Det eg har lyst til akkurat nå er å jobbe i museumssektoren, og/eller med verdsarven i Notodden og Rjukan. Ønsket om å jobbe i museumssektoren kjem etter at me hadde i oppgåve å skrive ein utstillingsanmeldelse for eit museum. Eg elska å gå rundt på museet og analysere utstillingane deira, som igjen gjorde at eg fekk eit skikkeleg ønske om å kunne kuratere (lage) ein utstilling.
Kva slags jobbar kan du søke på?
Det som er så flott med at kulturminneforvaltning er eit såpass tverrfagleg studie, er at ein kan jobbe med så mykje ulikt! Dei fleste som studerer kulturminneforvaltning ender opp med å jobbe i museumssektoren, offentleg forvaltning (stat, fylke og kommune), eller i organisasjonar og bedrifter relatert til kulturminne!
Døme på ulike yrker er: antikvar, kurator, kulturminneforvaltar, kultur- og lokalhistorikar, kunst- og kulturformidlar, museumsformidlar, saksbehandlar og mykje meir!
Tidlegare studentar med kulturminneforvaltning jobbar blant ana hos Riksantikvaren, Finnmark fylkeskommune, Helgeland museum, Noregs vassdrags- og energidirektorat, og Falstadsenteret,
Er det vanskeleg å kome seg inn på studie, og er det eit hardt studie?
I dei fire siste åra har alle som har søkt seg inn med førstegangsvitnemål kome seg inn på studie. Me er eit veldig lite studie som få veit om. Dette har nok med at studiet er den einaste av sin art i Noreg, og blir gjømt i dei fleire hundre studia ein kan velje mellom i Noreg og på NTNU. Studiet har heller ingen spesielle opptakskrav, som gjer at alle med generell studiekompetanse kan søke seg inn på studiet.
Om studiet er hardt er påverka om kva ein definerer som eit hardt studie. Studiet er ikkje hardt på den måten som at ein må pugge masse ord (fagomgrep) eller lære seg formlar. Studiet kan bli tolka som hardt på den måten at det er mykje sjølvstudie. Eksamen på dette studiet krev også evnene til refleksjon og drøfting, så om ein berre svarar på eit spørsmål, men ikkje reflekterer rundt eller gir grunnlag for svaret, vil ein i verste fall ikkje bestå. Om det er hardt eller ikkje vil også vere påverka om du har interesse i faga eller ikkje. Akkurat slikt som ein interesserer seg meir i visse fag på VGS enn andre, vil ein også variere i interesse i faga på universitetet. Eg som ikkje har interesse i fysikk, ville synes at det studie var svært hardt, der nokon med fysikk kunne ha synes at kulturminneforvaltning var hardt pga. manglande interesse.
Kva er det morosamaste med å studere kulturminneforvaltning?
Det desidert morosamaste med å gå på kulturminneforvaltning er alle turane me får reise på! På klasseturane får me snakke med folk som jobbar i yrker som seinare vil vere relevante for oss som studerer kulturminneforvaltning.
Det andre morosame med å studere kulturminneforvaltning, vil eg seie er å kunne få moglegheita til å lære om og sette pris på det vi ser og opplever rundt oss kvar dag. Sidan me opplever, høyrer, smaker eller ser ein form for kulturminne omtrent kvar dag. Til dømes har eg eit emne som heiter Arkitektur og stilhistorie 1400-2000. Her lærer me korleis arkitekturen har endra seg saman med korleis samfunnet endra seg. Eg tar meg sjølv stadig vekk i å analysere bygningar, taket deira, utsmykkinga, materiale osv. Sidan det eg synes er morosamast er å vite at eg får bruk for og kan bruke det eg lærer i praksis.

Er det noko meir du lurer på? Sjekk ut instastoryen til Marita her eller følg linkane under for meir informasjon!
- Bachelor i Kulturminneforvaltning ved NTNU i Trondheim
- Kultura linjeforening
Har du nokon spørsmål? Skriv gjerne i kommentarfeltet under, eller send oss ei melding på Facebook eller Instagram (@ntnustudent). Sjekk gjerne også ut Youtube-kanalen vår eller TikToken vår for videoar om alt relatert til studiar og studentlivet!
-Anusha, Biologi, 3.året