Er historie, litteratur, språk, verdiar og haldningar noko du kunne tenke å fordjupe deg i? Då bør du sjekke ut desse studia!
Antikkens kultur



- Kva kan eg lære?
- Blant anna om gresk og romersk historie, litteratur, filosofi, mytologi og retorikk
- Å analysere og drøfte kjelder til den antikke tidsepoka
- Kjennskap til den gresk-romerske kulturens relevans og viktigheita i Europa si kulturhistorie
- Du vel mellom to forjupingar:
- Fordjuping med fokus på originaltekstane (latin eller gresk)
- Fordjuping med fokus på kjelde i oversetting (antikkens kultur)
- Kvar er dette?
- Bachelor i Trondheim på Dragvoll
- Det er mogleg å søke master i antikkens kultur etter fullført bachelorgrad
- Kva kan eg bli? Blant anna…
- Lærar
- Forfattar
- Sjølvstendig næringsdrivande
- Oversettar
- Bibliotekar
- Forskar
- Les meir om antikkens historie her!
Arkeologi

- Kva kan eg lære?
- Blant anna om livet i førhistorisk tid, samfunnsutviklinga i ulike område og korleis du kan tolke dei historiske spora til oss menneske
- Korleis arkeologiske feltundersøkingar blir gjennomført
- Korleis resultata frå undersøkingane blir gjort om til vitskaplege data som kan brukast til forsking
- Om dei ulike typar kulturminne og korleis dei blir undersøkt, dokumentert og analysert
- Kvar er dette?
- Bachelor i Trondheim på Kalvskinnet
- Det er mogleg å søke master i arkeologi etter fullført bachelorgrad
- Kva kan eg bli? Blant anna…
- Journalist
- Arbeide på museum
- I reiselivsnæringa
- Samfunnsplanlegging
- Arkeolog
- Her kan du lese meir om livet som arkeologi-student!
- Her kan du sjekke ut studiet!
Europastudium



- Kva kan eg lære?
- Blant anna om europeisk historie og kulturhistorie
- EU og det norske samfunnet
- Å forklare og forstå dagens politiske EU
- Å drøfte samfunnet rundt deg gjennom statsvitskaplege og historiske perspektiv
- Det er også mogleg å fordjupe seg i framandspråk (engelsk, fransk, tysk eller spansk) og statsvitskap
- Kvar er dette?
- Bachelor i Trondheim på Dragvoll
- Det er mogleg å søke master i europastudier etter fullført bachelorgrad
- Kva kan eg bli? Blant anna…
- Arbeide i offentleg forvaltning (som kommune, fylke eller staten)
- Diplomat
- Forskar
- Saksbehandlar
- Journalist
- Rådgjevar i t.d. interesseorganisasjonar, mediesektoren og næringslivsbedriftar
- Lærar
- Her kan du lese om ei studieveke på europastudier!
- Her kan du få meir informasjon om europastudier
Filosofi og etikk

- Kva kan eg lære?
- Spørsmål om natur, religion, meining, kunst og menneskeleg identitet og eksistens
- Å analysere komplekse problemstillingar og å tenke kritisk
- Kunne fremme dei gode arguementa og avdekkje dei dårlege i ei gitt sak
- Nokon fag du kan fordjupe deg i er etikk og politisk filosofi, etikk, språkfilosofi, estetikk og eksistensfilosofi
- Kvar er dette?
- Bachelor i Trondheim på Dragvoll
- Det er mogleg å søke master i blant anna filosofi etter fullført bachelorgrad
- Kva kan eg bli? Blant anna…
- Lærar
- Forskar
- Arbeide i offentleg forvaltning (kommune, fylke, staten)
- Arbeide i kultursektoren
- Journalist
- Tekstforfattar
- Webredaktør
- Forlag
- Rådgjevar i bedrifter og organisasjonar
- Les meir om filosofi og etikk-studiet her!
Historie



- Kva kan eg lære?
- Tenke historisk over kvifor og korleis samfunn, kultur, menneske har forandra seg og kvifor folk har gjort som dei har gjort
- Oversikt over norsk og internasjonal historie heilt frå antikken til notida
- Samfunnshistorie, kulturhistorie, økonomisk historie, globalhistorie og kunnskapshistorie
- Kunnskap om kva som faktisk skjedde og evna til å tenke historisk
- Kvar er dette?
- Bachelor i trondheim på Dragvoll
- Det er mogleg å søke master i historie etter fullført bachelorgrad
- Kva kan eg bli? Blant anna…
- Statsråd
- Politikar
- Saksbehandlar
- Rådgjevar
- Arbeide på museum
- Arbeide i arkivsektor
- Lærar
- Les om Lasse si studieveke som historiestudent!
- Les meir om å studere historie her!
Kulturminneforvaltning

- Kva kan eg lære?
- Lære om forvaltning og formidling av fortida
- Studere kulturminna i kontekst til menneske, samfunn og miljø
- om kulturarv på bygningar, handverksevne, på minnestader og tradisjonar, kulturlandskap og bruksmåter
- Kulturhistorie, kulturminnerett, arkitektur- og stilhistorie, allmenn historie og museologi er nokon av hovudkomponentane til studieprogrammet
- Kvar er dette?
- Bachelor i Trondheim på Dragvoll
- Det er mogleg å søke master i blant anna kulturminneforvaltning etter fullført bachelorgrad
- Bachelor i Trondheim på Dragvoll
- Kva kan eg bli? Blant anna…
- Arbeide på museum
- Arbeide hjå Riksantikvaren
- Arbeide i offentleg forvaltning (kommune, fylke, stat)
- Rådgjevar i organisasjonar og bedrifter relatert til kulturminne
- Les meir å studere kulturminne her!
Religionsvitskap

- Kva kan eg lære?
- Blant anna om ulike religiøse tradisjonar, trugrunnlag og praksis og å forstå og forklare religion i praksis i samfunnet og politikken
- Forståing over den historiske utviklinga
- Lære om systematiske og samanliknande perspektiv på tvers av og innanfor ulike kulturelle og sosiale miljø
- Innsyn i samspelet på problemstillingar som oppstår i skjæringspunktet mellom religion og samfunnet i førtida og notida
- Kvar er dette?
- Bachelor i trondheim på Dragvoll
- Det er mogleg å søke master i blant anna religionsvitskap etter fullført bachelorgrad
- Kva kan eg bli? Blant anna…
- Journalist
- Rådgjevar i organisasjonar
- Arbeide på museum eller i offentleg forvaltning (kommune, fylke, stat)
- Lærar
- Forskar
- Les meir om religionsvitskap her!
- Her fortel Henriette om å studere religionsvitenskap!
Allmenn litteraturvitskap

- Kva kan eg lære?
- Om litteratur (blant anna romaner, skodespel og dikt) frå ulike epoker og forfattarskap
- Om korleis eldre teksar vart lest og oppfatta i si tid og korleis me ser på dei i dag
- Tekstanalyse som gir deg evna til å forstå korleis diktverk blir bygga opp
- Forståing av litterære tekstar og å presentere din forståing av dei på ein ryddig og kreativ måte
- Kvar er dette?
- Bachelor i Trondheim på Dragvoll
- Det er mogleg å søke master i blant anna allmenn litteraturvitskap etter fullført bachelorgrad
- Kva kan eg bli? Blant anna…
- Forfattar eller arbeide i forlag
- Bibliotekar
- Journalist eller litteraturkritikarar
- Rådgjevar i offentleg forvaltning (kommune, fylke, stat) eller andre bedirfter (reklamebyrå eller media)
- Lærar
- Forskarar
- Les meir om litteraturvitenskap her
- Les Simone si studieveke på litteraturvitskap her!
Om du er interessert i kultur så håpar eg nokon av desse studia kan passe deg! Hugs søknadsfristen 15. april. Om du lurer på noko meir om studiar, studentlivet eller noko heilt anna, ta kontakt med oss på Facebook og Instagram (@ntnustudent), youtube eller tiktok-kanalen vår!
-Maren, statsvitskap, 3.år