Er du usikker på kva du har lyst til å bli? Kanskje du er usikker på kva tilbud NTNU har? Her er 4 studiar du kanskje ikkje visste om.
Arkeologi
- Bachelor.
- Finnes ved Trondheim.
Har du interesse og lyst til å finne ut av kva for historiar materielle gjenstandar kan fortelja? Ved dette studieprogrammet vil du lære meir om korleis du kan tolka spora mennesker til ulike tidar har etterlate seg.
Med en bachelor i arkeologi kan du jobbe på i reiselivsnæringa og på museer. Du kan også jobbe med samfunnsplanlegging, som journalist og mykje meir. Dersom du ønsker å jobbe som arkeolog bør du ha ein mastergrad i arkeologi. Mastergraden kan du ta ved NTNU etter at bachelorgraden er fullført.
Har du lyst til å lese mer om arkeologi?
Geomatikkingeniør
- Bachelor.
- Finnes på Gjøvik.
Har du interesse i dronar, laserskanning, 3D-kart og GPS? Da kan kanskje geomatikkingeniør være noko for deg! Geomatikk kombinerer informasjonsteknologi med GPS, kart, landmåling og geografi. For å kunne byggje bygningar, tunellar, vegar m.m. trenger me eit nøyaktig datagrunnlag. For å samle inn informasjon brukar ein f.eks. laserskanning og dronar. Av informasjonen du finn kan du lage 3D-modeller av bygningar og terreng.
Ved geimatikkingeniørstudiet lærer du å samle inn geografiske data, systematisera og modellera dei, og å bruke dataen i statistikk og analysar. Du lærer om å måle, kartleggje og bruke avansert teknologi slik som f.eks. dronar og laserskanner. Dette treng du for å kunne planleggje, overvåke og visualisera ulike bygg- og vegprosjekter. Du kjem til å lære mykje spanande!
Som geomatikkingeniør kan du jobbe med ein rekkje forskjellige jobbar, blant anna oppmålingsingeniør, landmåler, utviklingsingeniør og meir!
Har du lyst til å lese meir om geomatikkingeniør?
Nautikk
- Bachelor.
- Finnes på Ålesund.
Nautikk er læren om sjøfart i sin alminnelegheit. Nautikk omfatter navigasjon, sjømannskap, skipsfart, og all kunnskap som fordras for å segla eit fartøy. Ved å ha ein bachelorgrad innan nautikk vert du svært attraktiv for heile den maritime næringa. Nautikkstudiet dannar grunnlaget for dekksoffiser klasse 1, sjøkaptein, i tillegg til at du oppnår ein ettertrakta kompetanse for ein karriere på land.
På nautikkstudiet lærer du om ledelse og drift av skip. Dette inneber at du får kompetanse innan økonomi, navigasjon, maritime operasjonar og skipstekniske fag som stabilitet, konstruksjon og lastehåndtering.
Som natuiker kan du få moglegheita til å segla som kaptein på alle ulike typar skip over heile verda. Bachelorgraden opnar moglegheitar for ein karriere både på land og sjø.
Har du lyst til å lese meir om nautikk?
Webutvikling
- Bachelor.
- Finnes på Gjøvik.

Har du eit ønskje om å styrka din faglege kompetanse innan webutvikling? Kanskje likar du programmering? Dette studie inneheld koding, design og brukaroppleving for å kunna skape brukarsentrerte nettbaserte løysningar.
Når du er ferdig med ein bachelor innan webutvikling skal du være ekspert på utvikling, prototyping av avanserte og robuste webløysningar og du skal kunna jobbe kreativt og systematisk for å utvikla innovative konseptar for web.
Som webutviklar er du attraktiv på jobbmarknaden. Som webutviklar kan du blant anna jobba innan webdesignbyårar, konsulentselskapar og informasjons- og kommunikasjonsbedriftar av alle slag og meir!
Har du lyst til å lese mer om webutvikling?
Har du lyst til å lese meir om ulike studier?
Eg håper at dette var nyttig informasjon for deg. Eg vil ønskje deg masse lykke til med søkinga! Husk søknadsfristen 15. april. Dersom du har lyst på meir nyttig informasjon så følg oss gjerne på facebook, instagram, youtube og på tiktok-kanalen vår.
Maria, 2. året, sjukepleie