For å kunne søke høgare utdanning er det ulike opptakskrav og reglar for poengrekning. Les vidare for å finne ut om dine poeng og opptakskrav til studiane du står mellom!
Generell studiekompetanse
Generell studiekompetanse er den vanlegaste måten til å ta høgare utdanning, og det er med dette at du er kvalifisert til å studere ved universitet og høgskular.
Den vanlegaste vegen til generell studiekompetanse er gjennom fullført 3-årig vidaregåande skule. Det finnast også andre måtar, slik som med yrkesfag med påbygging eller ved realkompetanse. Du kan lese meir om desse opptakskrava her.
Spesielle opptakskrav
Nokon studiar har spesielle opptakskrav i tillegg til kravet om generell studiekompetanse. Dette kan for eksempel vere at du må ha tatt nokon spesielle realfag frå vidaregåande skule, eller at du må bestå ein opptaksprøve.
Fleire studiar har spesielle opptakskrav fordi det er viktig at du som skal studere har gode førkunnskapar i enkelte fag. For å studere medisin er det viktig at du har tatt fysikk, kjemi og matematikk på vidaregåande skule, og at du meistrar desse faga.
Kor finn eg opptakskrava?
På NTNU si nettside finn du ulike studium og opptakskrav.
På medisinstudiet kan du sjå dei spesielle opptakskrava under opptaksmenyen. Her ser du at for å kome inn på dette studiet må du ha generell studiekompetanse og også matematikk R1 eller matematikk S1+S2, fysikk 1 og kjemi 1+2.

Poengrekning
Det er standpunktkarakterane dine frå vidaregåande som ligg til grunn for utrekninga. Karaktersnittet ditt reknast om til karakterpoeng. Deretter blir andre poeng lagt til.
Karakterpoenga dine er gjennomsnittet av karakterane dine gonga med 10. For eksempel er eit gjennomsnitt på 4,5 = 45 karakterpoeng. Kva karakterar som blir rekna med i gjennomsnittet, avheng av kva slags utdanningsbakgrunn du har.
Kva kvote konkurrerer eg i?
Det er to ulike kvoter å konkurrere om studieplassane i.
I kvote for førstegongsvitnemål konkurrerer dei som ikkje fyller meir enn 21 år det året du søker opptak, i tillegg til den ordinære kvota. Du konkurrerer altså i begge kvotene. Medan om du er eldre enn 21 år det året du søker konkurrerer du berre i den ordinære kvota.
Kva er skulepoeng og konkurransepoeng?
I kvote for førstegongsvitnemål konkurrer du med skulepoenga dine. Skulepoeng er den poengsummen du har før tilleggspoenga og alderspoenga er lagt til. I kvote for førstegongsvitnemål får du ikkje med eventuell tilleggspoeng, alderspoeng, nye fag eller fag som du har forbetra etter vidaregåande. Dette får du berre i ordinær kvote.
Konkurransepoeng er den poengsummen du får etter at tilleggspoeng og alderspoeng er lagt til. I den ordinære kvoten konkurrerer du med konkurransepoenga dine. Konkurransepoeng er summen av skulepoeng, alderspoeng og tilleggspoeng (poeng for høgare utdanning, folkehøgskule eller militæret). Alderspoeng får du automatisk i ordinær kvote, frå og med det året du fyller 20 år. Her konkurrerer du med alle søkarar.
50% av alle studieplassar blir gitt i kvote for førstegongsvitnemål.
Poenggrenser
Til mange studiar er det fleire kvalifiserte søkarar enn det er studieplasser. Derfor har studiane poenggrenser.
Poenggrenser viser den med lågast poengsum som kom inn i opptaket. Poenggrensene er eit teikn på kor vanskeleg det er å kome inn på eit studium. Poenggrenser blir avgjort av fleire faktorar, slik som tal på søkarar, poengsum til dei ulike søkarane og endring i talet studieplassar. Poenggrenser kan derfor variere år til år.
Sjekk ut tidlegare søke- og opptakstal her.
Du kan ta fått på å søke utdanning frå og med 1. februar. Lukke til med valet! Hugs søknadsfristen 15. april. Har du fleire spørsmål? Send oss gjerne ei melding på Facebook og Instagram (@ntnustudent), eller i kommentarfeltet under! Sjekk også ut YouTube– og Tiktok-kanalane våre!
-Maren, statsvitskap, 3. år