Nyttårsforsetter for studenten

Nytt år = ny meg, er det ikkje det me seier? Det er ikkje alltid like lett å holde seg til nyttårsforsett, derfor prøver eg i år å gjøre “enkle” forandringer som nyttårsforsetter som student. Kos deg!

Lage mat sjølv

Dette er noko eg begynte med allerede litt i fjor, men ikkje som eit nyttårsforsett. Derfor vil eg prøve det meir ut i år. Eg bruker en del pengar på mathandelen som ofte er ferdigprodukt, eit enkelt alternativ til ein travel kvardag. Myten om at mange studentar ofte lever på pizza er no ikkje så langt vekke fra sanninga, Hehe.

Eg kjem nok til å bruke litt pengar på pizza og take away i år og, men i mindre mengder. Eg har lagt merke til at det er viktig for meg å lage maten sjølv, det gir meg ein god følelse, det er bilegare enn take away og du får meir matrester! Og som student så er jo matrester eit stort pluss!

Unngå skippertak

Off eg må innrømme at eg er alt for god på å ta skippertak haha, og det er ikkje bra! Stress, på stress på tårer når eksamen nærmar seg er ikkje bra. Men i år skal ikkje det skje (forhåpentlegvis). Eg har kjøpt inn nye pensumsbøker, fargenotat lappar og pennar så no er eg motivert. Målet mitt er å gjere skulearbeid mandag til fredag. Du får virkelig mykje igjen dersom du øver jevnt gjennom året! Så det skal eg prøve på. Det er virkelig ikkje kjekt å føle at du ikkje har kontroll på fagstoffet når eksamen nærmer seg, så den følelsen håper jeg du klarar å unngå. I tillegg vil eg prøve å unngå å gjer skulearbeid i helgene for å kunne kople litt av frå skulearbeidet <3

Nyte studenttida!

Det er heilt sjukt kor fort tida har gått! Eg er allereie halvveis i bacheloren min. Tiden har bare flydd av sted. Eg følar at eg ikkje har gjere alt eg har lyst til å gjere og at eg lengter etter fleire opplevingar, så i år skal eg oppfylle nokon av mine ønske! Blant anna skal eg til London på venninnetur, noko som eg gler meg masse til.

Som student kan du føla at du må jobbe med faget støtt og stadig, og ja du bør jobbe godt med faget men ikkje heile tida. Du er berre student ei gong. Sjølvsagt kan du ta vidareutdanning eller ta ein til bachelor, men tida som student den varer ikkje evig. Prøv å nyt kvart augeblikk av studenttida di, ta den moglegheita, heng med venner, gjer noko du aldri har gjort før, hopp ut av komfortsonen din, finn på noko kjekt med venner, gå på date og lev livet ditt. Gode minner er gull verdt.

Kombinere jobb og studie godt saman

Dette er noko eg syns kan bli litt vanskeleg sidan eg er utruleg glad i å jobbe. I tillegg så er eg litt flink til å feilprioritere tiden min. Mitt mål i år er å prioritere skulearbeidet slik at eg kan sjå kor mykje tid eg har igjen for jobben. Som student har du alltids tid for ein jobb ved sidan av studiene dersom du sjølv klarer å lage deg ein god slag plan.

Eg jobbar for NTNUstudent noko som eg synast er kjempe gøy og koseleg. I tillegg jobbar eg på sjukehuset, så eg er litt travel om dagane. Da kan tiden bli litt trang og feilprioritert. Men i 2023 så skal det skje forandring. Eg skal bli flinkare til å prioritera tiden betre.

Følge med på forelesningar

Som student har du ein stor frihet til å velge sjølv korleis du vil legge opp dagane dine på. Forelesing er noko som ofte ikkje er obligatorisk som gir deg den fridomen til å velge sjølv om du vil komme på forelesing eller ikkje. Du kan sjølv velge kva tid du har lyst til å lese om temaet, er ikkje det digg? Samtidig litt skummelt. For det er ikkje alltid like lett å lese på alt sjølv.

Min erfaring er at eg liker best å følge med på forelesinger på univeristetet slik at eg får mer kunnskap om temaet. Eg føler sjølv at det kan være vanskeleg å sitte heime å lese om faget. Mange studenter føler det same som meg, men eg kjenner og mange som liker å sitte heime og styre seg sjølv med lesinga. Så det er veldig variert fra student til student kva dei lærar best av.


Kva er dine nyttårsforsetter? Gjerne kommenter under slik at eg kan få bli litt innspirert. Følg oss gjerne på Insta og YouTube i tillegg dersom du er interessert i meir studierelatert innhold. Dersom du har spørsmål, så gjerne still de under i kommentarfeltet så svarer me på de. Ha ein fin dag vidare

Maria, Sjukepleie, 2 året.

Leave a Reply