Ukas student: Tysk, årsstudium

Vekas student er Heidrun som går eit årsstudium i Tysk i Trondheim. Lurer du på korleis studiekvardagen hennar er? Då er dette blogginnlegget for deg!

Kan du fortelle litt om deg sjølv?

Eg heiter Heidrun, er 22 år gamal og studerer ved NTNU i Trondheim. Eg tek ein bachelor i statsvitskap, og i år har eg tysk årsstudium som breiddeår. Mange samfunnsfag- og språkstudium ved NTNU er bygd opp slik at du tek eit “breiddeår” enten 2. eller 3. året av bacheloren. Då kan du oftast velje eit årsstudium i noko du ønsker å lære meir om, noko du trur kunne vore nyttig eller enkeltfag litt her og der for å lære om alt mogleg.

Kva handlar studiet ditt om?

Tyskstudiet handlar om å lære det tyske språket, litteratur og kultur. Ein analyserer, formidlar og nyttar det tyske språket på eit høgt nivå. All undervisning er på tysk, og ein har førelesingar i tysk grammatikk, litteratur, kultur og språkferdigheit. På årsstudium har ein moglegheit til å ta eit fag ved universitetet i Kiel, ei gyllen moglegheit til å praktisere tysken! I tillegg er det gode moglegheiter å reise på utveksling når ein studerer tysk, det kan ein gjere uansett om ein tek faget som breiddeår eller tek tysk bachelor.

Kvifor valde du å studera tysk?

Eg valde å studere tysk fordi eg alltid har vore interessert i språk. På ungdomsskulen og vidaregåande hadde eg tysk som fag, og har alltid hatt eit ønske om å lære meg språket betre. Nivået på tyskstudiet er høgare enn på vidaregåande, men eg har ikkje hatt problem med å henge med, sjølv om det er fire år sidan sist eg hadde tyskundervisning. Det er ein fordel om ein har tyskkunnskapar tilsvarande tysk nivå 2 frå vgs, men det er heller ikkje eit krav. Då eg skulle velje breiddeår ville eg ta noko som interesserer meg, og valet vart då tysk, noko eg ikkje angrar på!

Korleis ser ei typisk studieveke ut for deg?

Ei typisk studieveke for meg er å vere på Dragvoll om lag kvar dag. Der er eg i førelesingar og seminar i dei ulike faga, og samarbeidar med medstudentane mine, eller sit på lesesalen for å lese eller jobbe med oppgåver. Eg synest samhaldet på Dragvoll, på tvers av dei ulike programområda er bra. Eg et ofte lunsj med studentar frå andre studium, så det er gode moglegheiter for å få vener som studerer noko anna enn seg sjølv. På kveldane er eg gjerne saman med vener, går tur i Bymarka eller speler saman med Snaustrinda spelemannslagStudentersamfundet

Korleis likar du Trondheim som studieby?

Trondheim som studieby er fantastisk! Byen er passe stor og oversiktleg, naturen er ikkje langt unna og det finst mange moglegheiter for studentane til å engasjere seg. Det finst noko for alle å vere med på, enten om ein vil vere med i ei linjeforening, eit idrettslag, spelemannslag eller noko heilt anna. Eg er med i Snaustrinda spelemannslag, og er då frivillig på Samfundet, noko eg verkeleg kan anbefale til alle studentar!

Kva kunne du tenkje deg å jobbe med når du er ferdig med studia?

Eg har ikkje ein konkret plan for kva eg kan tenkje meg å arbeide med etter studietida mi, men eg har ein liten draum om å verte journalist. Elles kan eg tenkje meg å vere lærar eller jobbe i ein miljøvernorganisasjon.


Er det noko meir du lurer på? Sjekk ut instastoryen til Heidrun her eller følg linkane under for meir informasjon!

Har du nokon spørsmål? Skriv gjerne i kommentarfeltet under, eller send oss ei melding på Facebook eller Instagram (@ntnustudent). Sjekk gjerne også ut Youtube-kanalen vår eller TikToken vår for videoar om alt relatert til studiar og studentlivet!

-Anusha, Biologi, 3.året

Leave a Reply