Forsikring? Hæ?

Forsikring er kanskje noko du aldri har tenkt over fordi foreldra dine har ordna det, men som student må du ofte ta tak i dette sjølv.

Kva er forsikring?

Forsikring er ein ordning som erstattar økonomiske tap som skjer av tilfeldige og uventa hendingar. I praksis tyder dette at du betaler eit fast beløp til eit forsikringsselskap og får utbetalt erstatning dersom for eksempel sykkelen din blir stolen, det begynner og brenne i hybelen din eller du hamnar i ei bilulykke. Enkelt sagt; du kjøpar deg fri frå risiko.

Kva typer forsikringar finnast?

Det er mange ulike grupper forsikringar. Eit utval ulike forsikringar:

  • Innboforsikring
    • For deg som leiger hybel eller leilegheit.
    • Dekker blant anna innbo som møblar, klede, bøker, elektriske gjenstandar og sykkel.
    • Så lenge du bur heime kan det vere at foreldra dine sin innboforsikring også gjeld for deg. Dersom du endrar adresse i folkeregisteret, då må du ordne dette sjølv.
  • Boligforsikring/husforsikring
    • For deg som eig eigen bolig eller hus (om du leiger treng du berre innboforsikring).
    • Dekker blant anna brann-, vass- og naturskadar i boligen.
  • Reiseforsikring
    • Gjeld kvar gong du går ut døra heime – både på reise og i kvardagen.
    • Dekker blant anna skadar på eller tap av bagasje ved for eksempel tjuveri, ran eller skade, utgifter ved sjukdom og heimtransport, avbestilling og tapte reisedagar.
  • Personforsikring
    • Sikrar deg økonomisk tryggleik om helsa skulle svikte.
    • Det finnast fleire ulike personforsikringar, for eksempel livsforsikring og helseforsikring.
  • Bilforsikring
    • For deg som har bil.
    • Bilforsikring kan vere satt saman av fleire enkeltforsikringar:
      • Ansvarsforsikring
        • Alle bileigarar MÅ ha ansvarsforsikring når bilen er registrert (dette er ikkje valfritt).
        • Dekker alle skadar bilen kan påføre andre menneske og ting.
      • Delkasko
        • Dekker brann, tjuveri, hærverk i samanheng med tjuveri og glasskadar.
      • Kasko
        • Ein forsikring som i tillegg til delkasko også omfattar skade på eigen bil ved kollisjon og utforkjøring og andre uhell.

Kva treng eg?

Dei fleste forsikringar er frivillege, men nokon forsikringar er det spesielt viktig å ha i orden. Ofte er det innbo- og reiseforsikring det som blir trukke fram som dei viktigaste.

Studenttilbod

Som student er det mogleg å få rimelege forsikringsavtalar gjennom foreiningar som Tekna, Nito, Norsk sykepleierforbund, Pedagogstudentene, Samfunnsviterne og liknande.

Kanskje blir du fortsatt dekka av forsikringa til foreldrene dine. Dette kan variere og det kan vere lurt å sjekke ut kva forsikringar du blir dekka av og kva du bør skaffe deg når du er eller skal bli student.

Tips

Sett opp ein liste over alt innbo du har og verdien på dette. Det er for gjort å gløyme ting som er mykje verdt.

Her er døme på dyre ting du kanskje har:

  • Sykkel
  • Ski og skisko
  • Bunad (med sølv)
  • Smykker
  • Dyre klede som kjoler og dresser
  • Pc
  • Nettbrett
  • Headset

NB: Nokon av dei dyre gjenstandane er ikkje alltid dekka av innboforsikring. Sjekk med ordninga du vel.


Dermed tenker du kanskje ikkje lenger forsikring? hæ? men kanskje forsikring? Åja! Lukke til med livet som ansvarleg student! Har du spørsmål? Send oss gjerne ei melding på Facebook og Instagram (@ntnustudent), eller i kommentarfeltet under! Sjekk også ut YouTube– og TikTok-kanalane våre!

– Maren, statsvitskap, 3. år

Leave a Reply