Kanskje er samfunnskunnskap, historie eller geografi favorittfaga dine på skulen? Kunne du tenke deg å studere dette vidare, men lurar på kva du kan bli? Følg med her!
NTNU tilbyr ei rekke ulike bachelor- og årsstudium for deg som ønsker ein utdanning innan samfunnsfag. Likevel kan det vere vanskeleg å forstå kva du kan bli av dette.
Fleire moglegheiter i arbeidslivet
Å studere samfunnsfag gir deg fleire moglegheiter i arbeidslivet. Du blir ikkje utdanna til ein bestemt type jobb, men i staden får du ei verktøykasse som gjer at du kan bruke utdanninga di i fleire typar jobbar.
Samfunnsfaglege studiar lærar deg å sortere ut viktig informasjon ut frå store mengder med tekst. Diskusjonsoppgåvene du kjem til å skrive vil gi deg evna til å trekke linjer og drøfte ulike sider. Studia vil også gjere deg god på å formidle informasjon. Dette er berre litt av det du kjem til å lære og vil gi deg moglegheiter for stor variasjon av type jobb.
Kvifor er samfunnsfag viktig?
Samfunnsfaga tek føre seg dei store utfordringane i samfunnet. Ved å studere samfunnsfag bygg du forståing på korleis verda heng saman og korleis me burde løyse samfunnsutfordringane verda står ovanfor.



Samfunnsfaglege utdanningar på NTNU:
- Statsvitskap
- Stikkord på kva du kan lære om:
- Organisering og styring i samfunnet
- Politisk oppførsel og politiske prosessar
- Forutsetning for krig og fred
- Kva kan du bli? Blant anna..
- Rådgivar
- Saksbehandlar
- Journalist
- Forskar
- Lærar
- Stikkord på kva du kan lære om:
- Sosiologi
- Stikkord på kva du kan lære om:
- Velferdsstaten
- Sosial ulikdom
- Kjønn
- Makt
- Organisasjonar
- Kva kan du bli? Blant anna..
- Rådgivar
- Saksbehandlar
- Journalist
- Lærar
- Forskar
- Formidlar
- Stikkord på kva du kan lære om:
- Europastudier
- Stikkord på kva du kan lære om:
- Endringar og samarbeid i Europa
- Noreg og EU
- Identiet, euroskepsis og populisme
- Kva kan du bli? Blant anna..
- Rådgiver
- Saksbehandlar
- Forskar
- Lærar
- Journalist
- Formidlar
- Stikkord på kva du kan lære om:
- Geografi
- Stikkord på kva du kan lære om:
- Samanhengen mellom menneske, samfunn og natur
- Klimaendringar
- Migrasjon
- Urbanisering og regional utvikling
- Kva kan du bli? Blant anna..
- Naturgeograf
- Samfunnsgeograf
- Saksbehandlar
- Lærar
- Arealplanleggar
- Landmåler
- Rådgivar
- Stikkord på kva du kan lære om:
- Sosialantropologi
- Stikkord på kva du kan lære om:
- Mennesket i kultur og samfunn
- Naturkatastrofar
- Kva kan du bli? Blant anna..
- Saksbehandlar
- Lærar
- Forskar
- Rådgivar
- Journalist
- Stikkord på kva du kan lære om:
- Samfunnsøkonomi
- Stikkord på kva du kan lære om:
- Fordeling av samfunnets ressursar
- Korleis økonomi og politikk heng saman
- Kva kan du bli? Blant anna..
- Rådgivar
- Økonomirådgivar
- Kunderådgivar
- Personal- og organisasjonsrådgivar
- Finansrådgivar
- Forskar
- Lærar
- Saksbehandlar
- Analytikar
- Rådgivar
- Stikkord på kva du kan lære om:
- Historie
- Stikkord på kva du kan lære om:
- Samfunnets endring
- Menneskeleg handling
- Samfunn, kultur og menneskas forandring
- Kva kan du bli? Blant anna..
- Saksbehandlar
- Rådgivar
- Formidlar
- Journalist
- Analytikar
- Lærar
- Forskar
- Stikkord på kva du kan lære om:
- Likestilling og mangfald (årsstudium)
- Stikkord på kva du kan lære om:
- Rasisme
- Ulikdom
- Kjønnsroller
- Kultur
- Stikkord på kva du kan lære om:
- STS – studier av kunnskap, teknologi og samfunn (årsstudium)
- Stikkord på kva du kan lære om:
- Kunnskap, innovasjon og teknologibruk
- Forholdet mellom samfunn og teknologi
- Stikkord på kva du kan lære om:
Kor kan du jobbe?
Kunnskap om samfunnet er etterspurd i ulike deler av jobbmarknaden.
Her er døme på nokre av dei:
- Offentleg forvaltning (Trondheim kommune, Nordland fylkeskommune, Helse- og omsorgsdepartementet)
- Diplomatiet (Utanriksdepartementet)
- Forsking- og utvikling (Høgskulen i Volda, NTNU, UiB)
- Internasjonale organisasjonar (FN, WWF, Greenpeace)
- Interesseorganisasjonar (Regnskogfondet, Amnesty International, Norges Fotballforbund)
- Medie- og informasjonssektoren (NRK, Adresseavisa, Nationalmuseet)
- Næringslivet (Sparebank 1, Equinor)
Å velje utdanning
Å velje utdanning er for dei alle fleste ei stor avgjerd. Ei utdanning kan føre til mange ulike jobbar og også ulike utdanningar kan føre til same type jobb. Det opnar seg ofte langt fleire moglegheiter enn dei ein kjenner til. Dømene på yrker og arbeidsgivarar som er lista opp her er heller ingen fasit på kva akkurat du kjem til å bli, men ein hjelp på vegen til å utforske ei utdanning innanfor samfunnsfaga.
Er utdanning i samfunnsfag noko for deg? Søk deg til NTNU! Har du fleire spørsmål? Send oss ei melding på Facebook, Instagram (@ntnustudent), eller i kommentarfeltet under! Sjekk også ut YouTube-kanalen vår!🤩
-Maren, statsvitskap, 3.året