Bli med i eit kor eller korps, då vel! Studiebyen Trondheim byr på mange moglegheiter for at du, som ny student, kan fortsette å drive med musikk på fritida.
Det er fleire ulike musikalske ensemble i Trondheim med ulike nivå og som spelar ulike musikksjangrar. Nokon er i regi av studentar, andre av lokale trondheimarar. Her er nokre forslag til deg som er nysgjerrig på kor du kan synge av full røyst eller for eksempel spele på kornetten, gitaren, fela, saksofonen eller bassklarinetten din.
Studentersamfundet
På Studentersamfundet finn du ulike gjengar der du kan engasjere deg musikalsk. Her blir ein kjend med studentar på tvers av studiar og alt er samla på det raude, runde bygget i byen. Dei har konsertar spredt utover året!
Nokon av gjengane har prøvespel, medan andre har open øving. Dette er avhengig av kva plassar som er ledige.
Kora på Studentersamfundet:
- Candiss (damekor)
- Pirum (mannskor)
- Trondhjems kvinnelige studentersangforening (damekor)
- Knauskoret (blandakor)
- Trondhjems studentersangforening (mannskor)
Andre musikalske gjengar på Samfundet er:
- Kjellerbandet (storband)
- S. Møller storband (storband)
- Leisure Suit Lovers (discosoulfunk-gruppe)
- Snaustrinda (spelemannslag)
- Strindens promenade orchester (gladdixiejazzfunkswinghouseblueskøntrisamba-gruppe)
- Studentersamfundets symfoniorkester (symfoniorkester)
- Salongorkester (mindre besetning enn symfoniorkesteret)



Linjeforeningskor
Om du ønsker å synge i kor med dine medstudentar kan linjeforeningskor vere for deg! Desse har øvingar på skuleområdet og nokre konserter i semsteret!
Her er nokre av dei:
- Koreolis (blandakoret til fysikk og matematikk)
- Tåkeluren (blandakoret til marin teknikk)
- Adams Eplekor (mannskoret til nanoteknologi)
- Saltkråkan (blandakoret til lærarstudentane)
- Bilyd (damekoret til medisinstudentane)
- MKM (mannskoret til industriell økonomi og teknologileiing)
- Høystemt (mannskoret til energi og miljø)
- Tinnitus (damekoret til nanoteknologi)
- Pikestrøm (damekoret til energi og miljø)
- Foetus Ex Ore (mannskoret til medisin)
Finn du ikkje ditt studie på lista? Ta kontakt med linjeforeninga og sjekk om det finnast.
Byen har også andre kor som ikkje har tilknytning til eit bestemt studie, slik som for eksempel Kor i all verda. Også Nidarosdomen har kor for trondheimsbebuarar. Tenk å få moglegheita til å synge i Nidarosdomen! Her må ein søke seg inn.

Korps
Spelar du tuba, klarinett, slagverk eller liknande? Brassband eller janitsjar? Då kan eit av trondheimskorpsa vere for deg! Nokon er studentbaserte medan andre er beståande av trondheimarar i ulike aldrar.
For den korpsglade:
- Musikkforeningen Nidaroholm
- Ila Brass band
- Byneset Musikkorps
- Bispehaugen Ungdomskorps
- Trondheim Brassband
- Strindheim Janitsjar
- Nidarvoll ungdomskorps
Ta kontakt med dei
Nå har du fått overblikk over nokre stader der du kan synge eller spele! Ta kontakt med ensemblet og ta fatt på øvinga!
Korleis øve?
Er du redd for å lage for mykje lyd i hybelen? Av og til kan du øve med øvingsmute om det er mogleg. Om det fortsatt er mykje lyd kan du låne eit grupperom på skulen for å øve!
Har du fleire spørsmål om musikktilbodet i Trondheim? Send oss ei melding på Facebook og Instagram (@ntnustudent), eller i kommentarfeltet under! Sjekk også ut YouTube-kanalen vår!
-Maren, Statsvitskap, 3. året