Ukas student er Sandra som studerer Bioteknologi på NTNU i Ålesund. Lurer du på hvordan studiehverdagen hennes er? Da er dette blogginnlegget for deg!
Denne uka kunne du følge Sandra på vår Instastory hvor hun viste frem sin studiehverdag. Gikk du glipp av det? Fortvil ikke! Hun sa nemlig ja til å være ukas student, så la oss ta en dypere titt på hennes studiehverdag.
Kan du fortelle litt om deg selv?
Mitt namn er Sandra, 19 år gammal frå Kyrkjebø i gamle Sogn og Fjordane og studerer mitt første år på bachelor i bioteknologi. På fritida liker eg å halde meg i aktivitet, friluftsliv og vere med venner. Om dagen går fritida mi mest til å lese saman med medstudentane mine og arbeide med verv. Eg er også glad i å lære nye ting, så studentkvardagen passer meg svært godt! Eg kjem rett frå vgs og var veldig spent på den nye kvardagen som student; den viste seg å passe meg godt da eg i stor grad får velje sjølv kva eg vil bruke tida mi på!
Hvorfor valgte du å studere bioteknologi?
Realfag på vgs likte eg godt, og eg fann ut at eg ønskte å utdjupe meg i noko innanfor biologi og/eller kjemi. Etter å ha vurdert blant anna bioingeniør, molekylær biologi og integrert master i bioteknologi, landa eg på bachelorgraden i bioteknologi her i Ålesund.
Valet var først og fremst tatt med tanke på mine realfaglege interesser, deretter fann eg ut at eg ønskte eit treårig studieløp meir enn en integrert master. Det skumle med å velje studie var at eg ikkje ønska å «utelukke» noko utan at eg hadde fått prøve det ut skikkeleg; da eg såg på studiets oppbygging på NTNUs nettsider, merka eg at bioteknologi lot meg gjere akkurat det; Anatomi, fysiologi og histologi, mikrobiologi, kjemi, nyttig matematikk og praktisk fysikk… allereie første året! Det viste seg å vere like lærerikt, spennande og interessant som eg hadde sett føre meg, og viktigast var det at eg fekk utforske nye felt innanfor realfag!



Hvordan ser en typisk studieuke ut for deg?
Slik kan ei typisk veke sjå ut for meg. Dei har for det meste bestått av ei blanding digitale og fysiske forelesningar, litt førebuing til desse om eg har tid, labøvingar og rapportskriving med labpartneren. Det er også 4-5 teoretiske innleveringar i nokre av faga per semester som må arbeidast med, og avtalte arbeidsøkter med venner<3 Mykje av dette arbeidet kan eg spreie utover veka som eg vil(bortsett frå lab) sånn at eg også kan sette av tid til sosialt og gøy når eg vil! Studenthuset Banken er ein fin plass å ta et avbrekk frå lesinga<3 Det hadde nok også vore tid til ein deltidsjobb om eg hadde ønska det, men eg måtte nok ha arbeida litt meir i helgene da!

Hva burde en velge: bachelor- eller integrert master i bioteknologi?
Dette var det siste og vanskelegaste valet eg tok i søknadsprosessen, og eg klarte ikkje å bestemme meg før den siste dagen ein fekk gjere prioritetsendringar. Det var ein del mindre faktorar som spelte inn, som at dei ulike poenggrensene gav ulik grad av sikkerheit, og studiebyane hadde sine pluss og minus. Frå Ålesund er det t.d. lettare for meg å ta bussen heim til familien og det er generelt litt billigare å bu der.
Eg kom til slutt fram til at begge studieretningar gir gode moglegheitar for framtida, med relativt like fag og moglegheitar til å vidareutdanne seg i fleire ulike retningar. Bachelorgraden fekk førsteplassen på søknaden min fordi eg innsåg at eg ikkje ønska å forplikte meg til eit studieløp i fem år, sjølv om eg var ganske sikker på at det var dette eg ville drive med. Tanken på å kunne ta meg et år i Ålesund, eller en anna stad, og t.d. arbeide på ein lab ei stund før mastergraden min frista mykje meir enn å hoppe rett på integrert master. Finner du ut at studiet ikkje var heilt for deg, har du etter eit år «basisfaga» til å kunne hoppe over på andre studier hos NTNU om det er ledige plasser. Eg driver no og sjekker rundt på ulike mastere og universiteter i utlandet, og det er mykje spennande å velje mellom! Sånnsett gir bachelorgraden deg moglegheiten til å skaffe deg unik kompetanse! Kjenner du deg igjen i noko av det eg skriv her trur eg ein bachelor i bioteknologi kan vere eit godt val, men om du heller vektlegger forutsigbarheit og/eller ønsker å bli fortast ferdig med utdanninga di kan integrert master vere eit godt val det også.



Hvordan liker du Ålesund som studieby?
Eg hadde aldri vore i Ålesund før eg bestemte meg for å studere der, men hadde høyrt mykje bra om Ålesund som studentby. Det var også viktig for meg å bu nært kysten og nære turmoglegheiter. Det viste seg å vere minst like fint her som eg såg føre meg, og eg har fortsatt ei god liste over stader eg vil besøke i nærområdet! Eg opplever absolutt Ålesund som en god studentby, av akkurat passe storleik; klassane er små nok til at ein kan bli godt kjend med dei fleste, samtidig som fleire klassar gjerne har fag saman så det er mange andre studentar å bli kjend med også! Og så er det studentar frå heile landet her, noko som er veldig kjekt!
Hvordan er studentmiljøet?
Studentmiljøet i Ålesund opplever eg som veldig godt, det er som sagt studentar frå alle delar av landet her og i ulike aldrar. Du blir nok ikkje den einaste som ikkje er kjent i Ålesund ved studiestart! Det kan vere fint å bruke litt tid på å utforske byen saman i starten for å verkeleg få følelsen av Ålesund som by. Det er også fleire kjekke studentorganisasjonar og linjeforeiningar, som arrangerer forskjellig gøy der ein kan bli kjend med fleire og utvide nettverket sitt i Ålesund! Det er færre studentar her enn i Trondheim, som gjer miljøet litt meir intimt og koseleg; det kan virke mindre overveldande og ein forsvinner ikkje så fort i mengda av studentar. Eg treffer ofte på folk eg kjenner i gangane på campus, mengda studentar skaper et godt miljø her i Ålesund!
Hvordan var det å begynne på studiet rett etter vgs, er det noe du angrer på?
Det korte svaret er at eg syns overgangen var veldig grei både fagleg og sosialt, og at eg fekk den friheita i kvardagen eg håpte eg skulle få. Med kjemi 1+2, biologi 1+2 og matematikk S1+S2 var mykje av pensumet kjent for meg det første semesteret. Dette gav meg litt meir tid og friheit til å utforske ulike studieteknikkar og metodar for arbeidsplanlegging gjennom semesteret. Eg kom ikkje fram til den studieteknikken som funka for meg før på slutten av semesteret, men dette gjorde det neste semesteret mykje lettare for meg.
Sosialt sett var eg litt nervøs for å flytte til ein by der eg ikkje kjente nokon, men eg blei heldigvis kjent med kollektivet mitt før skulestart slik at eg allereie veka før studiestart hadde venner å vere med. Å bu i kollektiv kan by på fleire utfordringar, men det kan også vere en fin måte å bli kjent med folk på! For å bli kjend med studentar på tvers av studieretningar blei eg med i studentorganisasjonen Næringslivsutvalget(NLU), noko som var veldig sosialt og fint å drive med ved sidan av studiet!
En ting eg angrar på er at eg ikkje søkte verv eller deltok i linjeforeininga vår Symbiosen dette året; eg tenkte at eg ville ha lite fritid ved sidan av skulearbeidet, men i ettertid ser eg at det sikkert ville fungert. Eg vil engasjere meg meir her neste år!<3



Er det en fordel å ha hatt realfag på vgs?
Det vil vere en fordel å ha hatt realfag på vgs ja, dette er mest tydeleg det første semesteret da store deler av pensum er på same nivå som det var på vgs. Dykk startar med grundig innføring i det grunnleggjande i faga som Generell kjemi og Generell mikrobiologi, fordi det vil vere delar av klassen som aldri har hatt biologi eller som aldri har hatt kjemi før. Har du t.d. hatt kjemi 1+2 vil du kanskje ta Generell kjemi litt lettare, men utan kjemi frå vgs skal ein også klare seg fint så
lenge ein arbeider jamt og jobbar med dei obligatoriske innleveringane i faget. Sjølv har eg t.d. ikkje hatt fysikk, men eg klarer meg bra i faget(Instrumentell analyse) så langt! Førelesarane er opne for spørsmål og tilbakemeldingar i faget, og vil hjelpe om det er noko i faget ein ikkje forstår.
Hva kunne du tenke deg å jobbe med når du er ferdig med studiene?
For meg endrar dette seg relativt ofte da eg fortsatt utforskar nye realfaglege interesser gjennom bachelorgraden. Før eg starta hadde eg tenkt mykje på at forskning kunne vore kjekt, og det er fortsatt ein moglegheit men eg har blitt meir og meir interessert i industrien rundt havbruk, medisin og utvikling av nye bioteknologiske løysningar! Eg lærer meir og meir om korleis biotek kan vere løysinga på problem innan dei ulike industriane, i tillegg til at det er problemstillingar knytt til det kliniske der ein løyser problem meir på pasientnivå. Eg lenar meg mest mot industrien akkurat no, men det kan endre seg!
Det var alt for denne gang!
Er det noe mer du lurer på? Sjekk ut Instastoryen til Sandra her, eller følg linkene under for mer informasjon!
Signe, interaksjonsdesign, 4. år