Ukas student er Hanne som studerer Bioingeniør på NTNU i Ålesund. Lurer du på hvordan studiehverdagen hennes er? Da er dette blogginnlegget for deg!
Denne uka kunne du følge Hanne på vår Instastory hvor hun viste frem sin studiehverdag. Gikk du glipp av det? Fortvil ikke! Hun sa nemlig ja til å være ukas student, så la oss ta en dypere titt på hennes studiehverdag.
Kan du fortelle litt om deg selv?
Eg heiter Hanne og er 22 år gammal. Eg går 3.året bioingeniør ved NTNU i Ålesund. Når eg ikkje er på skule er eg på trening, med vennar eller jobb. Ellers er eg veldig glad i å lage mat, lese bøker og vere ute.
Hvorfor valgte du å studere Bioingeniør?
Det er litt tilfeldig at eg valde å studere bioingeniør. Eg ville finne eit studie som var retta mot realfag, men på sunnmøre. Eg ville ikkje flytte så langt heimafrå og bioingeniør var ganske likt mykje av det eg kunne tenkje meg å studere. Eg har absolutt ikkje angra og er veldig glad for at eg søkte på akkurat dette studiet. Det viste seg at bioingeniør passa meg heilt perfekt!



Hvordan ser en typisk studieuke ut for deg?
Ei typisk veke består av laboratorie-øvingar og forelesningar. Vi har øvingar i medisinsk biokjemi, transfusjonsmedisin, patologi og medisinsk mikrobiologi. Øvingane varar mellom 3-4 timar og det er som regel gruppearbeid der vi får prøve ut mykje spennande laboratoriearbeid. I tillegg må ein enten gjere forarbeid eller etterarbeid i forbindelse med lab. Vi har også forelesningar med teori, desse er i år samla til ein dag på grunn av Covid-19. Heile klassa er veldig glade for at vi ikkje har digital undervisning og at vi kan gjennomføre alle laboratorie-øvingane på NTNU som planlagt.
Hvordan liker du Ålesund som studieby?
Eg likar Ålesund veldig godt! Her er fantastisk natur, veldig fint campus og akkurat passe stor by i mine auge. Det er lett å bli kjent på tvers av linjene via studentorganisasjonar eller arrangement.




Hvordan er studentmiljøet?
Kullet mitt er ikkje så stort, vi er omlag 25stk i klassa og dermed kjenner alle kvarandre noko som eg synst er positivt. Studentmiljøet på IBA(institutt for biologiske fag) er bra, i år har vi fått tildelt eit eget oppholdsrom til vårt institutt. Der kan vi arbeide med skule eller berre henge med medstudentar. I tillegg kan ein vere med i linjeforeninga vår, Symbiosen, der er det mykje gøy som skjer!
Hva kunne du tenke deg å jobbe med når du er ferdig med studiene?
Heilt ærleg så veit eg ikkje, eg satsar på at eg finn det ut etterkvart. Eg kan godt tenkje meg å jobbe med bioingeniørfaget på sjukehus eit par år, men eg vil og ta meir utdanning eventuelt ein master.
Det var alt for denne gang!
Er det noe mer du lurer på? Sjekk ut Instastoryen til Hanne her, eller følg linkene under for mer informasjon!
Signe, interaksjonsdesign, 4. år