Ukas student: Kybernetikk og robotikk

Har du søkt Kybernetikk og robotikk på NTNU til høsten? Eller kanskje er du bare nysgjerrig på hva studiet går ut på? Da er dette blogginnlegget for deg!

Ukas student er Frida som studerer Kybernetikk og robotikk på NTNU i Trondheim. La oss ta en nærmere titt på hennes studiehverdag!

Kan du fortelle litt om deg selv?

Heisann!
Eg heiter Frida. Eg er 21 år og har nettopp fullført mitt andre år på kybernetikk og robotikk på NTNU I Trondheim. På fritida dansar eg swing og jazz gjennom ntnui og er aktiv i linjeforeninga mi Omega. I tillegg liker eg å henga med venner, strikka, trena og gå på tur.

Hvorfor valgte du å studere Kybernetikk og robotikk?

Det er eigentleg litt tilfeldig at eg enda opp på kybernetikk. Eg visste eg ville studera noko i realfagleg retning, og tenkte Trondheim var ein fin plass å gjera det frå. Sivilingeniør på Gløshaugen verka som eit logisk val, men eg syntes det var veldig vanskeleg å bestemma meg for retning. Syntes eigentleg det meste høyrtes spanande ut, men etter litt om og men fall valet på kyb. Eg var lenge inne på tanken om å gå bygg og miljøteknikk, faktisk. Trur eg kunne likt det studiet òg, men ettersom eg aldri var noko glad i kjemi på vidaregåande let meg avskrekka av tanken på å ta eit kjemifag på universitetsnivå. No i ettertid ler eg av at eit semester med litt kjemi var nok til å vippa meg av pinnen, men eg er likevell nøgd med valet mitt – eg trives med å gå kyb.

Kort fortalt, hva går Kybernetikk ut på?

Med eitt ord vil eg forklara kyb med ordet reguleringsteknikk. Reguleringsteknikk handlar om korleis ein kan styra og regulera ulike system slik at dei held seg stabile og sjølvgåande. Gode døme er cruise control i bil og balansering av ein segway. Ein bil med cruise contol skal køyra med same fart og ein segway må stabiliserast til ein ståande posisjon til tross for ytre påverknad. Gjennom studiet lærer ein verktøya som trengst for å få dette til.

Studiet er for så vidt meir enn berre reguleringsteknikk. Det kan anbefalast for alle som er glad i matte og som allereie likar eller er interessert i å læra meir fysikk, elektronikk, digitalteknikk, mekanismane i eit datasystem og programmering.

Hvordan ser en typisk studieuke ut for deg?

Ei vanleg skuleveke er ei god blanding av førelesingar, labarbeid, hjelpetimar og sjølvstendig jobbing. Nokon dagar har full timeplan, medan andre kan disponerast veldig fritt. Eg føretrekker å sentrera skuledagen min mellom 8-16. Nokon dagar kortar eg ned medan andre blir eg sittande til langt på kveld for å fullføra ei obligatorisk øving før fristen. Fleire dagar i veka er ettermiddasaktivitetane mine allereie bestemt. Anten skal eg på møte på noko gjennom linjeforeninga, eller så skal eg på dans. Står ettermiddagen heilt open tar eg kanskje ei treningsøkt, lager middag med venner eller slappar av med strikketøyet framfor tv-en.
Så godt eg klarer tar eg helga fri. Då er det kjekt med ein tur i marka eller til byen, og kanskje ein kveld, eller to, på Samfundet.

Hvordan liker du Trondheim som studieby?

For meg er Trondheim alt ein kan ønska seg. Det er ingen annan stad eg heller ville studert. På eit vis føler eg Trondheim er ein by av og for studentar. Alt er så godt tilrettelagt for at me som studentar skal trivast. Ntnui har uendeleg med idrettar ein kan bli med på og det finnes i tillegg så utruleg mange frivillige verv ein kan engasjera seg i. Det finnes verkeleg ein fritidsaktivitet for alle. Byen er veldig fin berre i seg sjølv òg. I og rundt sentrum finnes det mange koselege plassar, og det er fine turområder både i Bymarka og Estenstadmarka om ein har lyst på ein ordentleg luftepause.

Hvordan er studentmiljøet?

Frå dag ein har eg opplevd Trondheim som ein by med statistisk opphoping av bra folk. Ei så stor samling av bra folk lager automatisk eit veldig bra miljø. Gjennom linjeforeningane har ein moglegheit til å bli kjend med andre i klassen og på linja, og gjennom idrett og andre fritidsaktivitetar får ein gjera noko ein liker samstundes som ein møter andre som likar å halda på med det same som seg sjølv. Studentersamfundet er heilt eineståande som felles samlingspunkt for alle trondheimsstudentane,  og festivalar som ISFIT og UKA gjer noko spesielt med stemninga og bidrar til fellesskapskjensla blant alle. Det er supert!

Hvordan er kjønnsfordelingen på linja?

Forholdet mellom kjønna varierer litt frå år til år. I 2018, då eg starta, var det rekordhøge 40% jenter. Årene før og etter har noko færre jenter, men har ein god del dei òg. Då eg søkte var eg redd for at alle jentene, for utanom meg, var heilt sikre i sin sak då dei valte kyb. Eg hadde ikkje vore tydeleg interessert i verken elektronikk, programmering eller andre tekniske duppeningsar før eg byrja. Det var ein stor lettelse då eg forstod at dette var tilfellet for fleire enn meg, både av gutane og jentene. Det me hadde til felles var at me alle var interesserte i å bli interesserte.

Hva er en linjeforening?

Ei linjeforening er ein frivillig studentorganisasjon knytta til ei bestemt studieretning. Linjeforeninga mi, Omega, er felles for både kyb og elsys (elektronisk systemdesign og innovasjon). Som alle andre linjeforenigar arrangerer Omega ei heil rekkje sosiale arrangement. Alt frå fadderveke, kjelkeløp, hyttefestar, 17.mai-frukost og studentergalla – og mykje, mykje meir. I tillegg til å delta på arrangementa som skjer kan ein slenga seg med på interessegrupper (som strikking, ski, film og improteater) eller komitéarbeid. Eg synes det er gøy med revy, så eg har vore med å laga Omegarevyen dei siste to åra. No i vår blei eg også med i linjeforeninga sin pr-komite. Det er heilt opp til kvar enkelt kor mykje ein vil bruka linjeforeninga si, men for min del skal Omega ha mykje av æra for at eg trives så godt.

Hva kunne du tenke deg å jobbe med når du er ferdig med studiene?

Oi, det er eit vanskeleg spørsmål. For å vera ærleg har eg ikkje tenkt så langt. Eg planlegger å velja medisinsk kybernetikk som hovudprofil i 4.klasse, så eg kunne vel kanskje tenkt meg å få jobba med noko innan det. Hadde vore utruleg kult å få vera med å utvikla eit produkt som kunne vore til hjelp i helsevesenet. Men, eg tenker eg tar det litt som det kjem. Føler det finnes utruleg mange moglegheiter der ute eg ikkje eingong veit om enda.

Det var alt for denne gang!

Er det noe mer du lurer på? Sjekk ut linkene under for mer informasjon!

Signe, medievitenskap, 3. år

Leave a Reply