Ukas student er Aslaug som studerer Geografi. Lurer du på hvordan studiehverdagen hennes er? Da er dette blogginnlegget for deg!
Denne uka kunne du følge Aslaug på vår Instastory hvor hun viste frem sin studiehverdag. Gikk du glipp av det? Fortvil ikke! Hun sa nemlig ja til å være ukas student, så la oss ta en dypere titt på hennes studiehverdag.
Kan du fortelle litt om deg selv?
Eg heite Aslaug Otnes (23) og kjem frå Florø i Sogn og Fjordane. Eg studerar fortida Geografi i Trondheim og er på andre året no. På fritida er eg veldig glad i å trene og prøve nye ting. Eg spiller fortida innebandy på D3 (NTNUI) saman med ein fantastisk gjeng, i tillegg til at eg er PR-sjef for linjeforeninga til geografi, Geolf.
Hvorfor valgte du å studere Geografi?
Eg har alltid vore interessert i korleis verda fungerar, både menneskje og naturen som ei eining. I tillegg var samfunnsfag og naturfag yndlingsfaga mine når eg gjekk på VGS, men det var ikkje før eg begynte å reise litt at eg tenkte at geografi faget var for meg, då begynte eg å stille meg sjølv spørsmål som «korfor ser denne byen sånn ut?» «korleis blei Grand Canyon til?» og «korleis fungerar eigentleg disse naturlege prosessane?». Dermed enda det med at eg satt i det store utland og søkte geografi og har stortrivst med dette.
Hvordan ser en typisk studieuke ut for deg?
Ei typisk studieveke for meg er veldig variert. Då er ikkje har så mange timar i løpet av dagen, men eg sitt kvar dag på lesesal eller data lab og jobbar med forskjellig skulearbeid. Man kan gå fleire retningar innan for geografi, og eg lenar ein del mot natur geografi og GIS (geografisk informasjonssystem) så bruker mykje tid på å lese om naturprosessar. Etter eg har vore på skulen pleier eg enten å trene eller vere med venar, eller gå heim å slappe av saman med kollektivet.
Hva slags fag trenger man fra videregående og hvor mye av undervisninga er på engelsk?
Man treng berre generell studiekompetanse for å komme inn på geografi. Dette kan man få om man går studiespesialiserande eller tar påbygg etter ei yrkesfagleg utdanning frå vidaregåande skule.
Ein del av pensum er på engelsk, og vi har fleire forelesarar som undervisar i engelsk, noko som eg tykjar er veldig nyttig, sidan det er greitt å lære ord og utrykk på eit internasjonalt språk i tilfelle eg ein gang begynner å jobbe i eit internasjonalt arbeidsmiljø, eller jobbar utanfor Norge. Det første året i faget «jordas natur og miljø» hadde vi både engelske og norske forelesarar, dermed var det greitt at vi brukte engelsk og norsk når vi svarte på eksamen. I år har eg to fag som berre går på engelsk, men vist man ikkje ynskjer å ta fag på engelsk kan man velje det vekk. Eg vill vell kanskje sei at 1/3 av pensum/undervisning er engelsk.
Hvordan har fagene vært til nå? Er GIS fagene vanskelige?
Første året hadde eg faga menneske og sted 1 og 2, politisk økologi, kvalitativ forskings metode, GIS og jordas natur og miljø. Alle faga var veldig greie å studere, men eg hadde jo nokre fag som eg likte betre en andre. Det er veldig mange flinke forelesarar på studiet som gjer faga veldig interessante, og videre i studie så har eg vald fag som fangar interessa mi. Faga er ikkje ekstremt vanskelege i seg sjølv men man må lese jamt for å greie å forstå og kunne det.
GIS (Geografisk informasjon system) syns eg var ganske vanskeleg første året for vi jobba mykje med tall og eg forstod ikkje heilt kva vi gjorde. Men geografi studiet har blitt lagt om ein del i løpet av den tida eg har studert så man jobbar meir praktisk med faget no en det eg gjorde når eg starta. Det er også veldig flinke læringsassistentar som er flinke til å forklare og hjelpe oss når vi sitter fast i programmet eller ikkje heilt forstår kvifor vi gjer som vi gjer. Det er eit kjempe kjekt fag så fort man knekker koden litt å forstår programmet meir.
Hvordan liker du Trondheim som studieby?
Trondheim som studieby er fantastisk! Menneskjene man møta er utroleg vennlege og er opne for å bli kjent med nye folk. Eg flytta opp til Trondheim utan å kjenne så mange, men eg fant meg fort til rette. Det er også utroleg mange moglegheiter for å prøve nye ting og forskjellige idrettar. Eg og vennegjengen har prøvd ut mange forskjellige idrettar via NTNUI. Det er mange kjekke festivalar her som eg har fått vore med på, og eg har også vore frivillig på Festningen som er ein musikk festival med mange kjente artistar. Det som er veldig kult med å studere i Trondheim er det fantastiske engasjementet alle studentar har, det er ein skikkeleg stå på vilje, og folk pustar og ånda for frivilligheita.
Hvordan er studentmiljøet?
Studentmiljøet er veldig bra på geografi. På første året har man alle faga saman med dei i sitt kull, men på andre året står man fritt til å velje utroleg mange fag,. Då splittast man meir frå kvarandre, men mange er flinke til å samlast og vere saman med gamle venner og man får alltid nye venner i dei nye faga man tek. Vi har også ei linjeforening som jobbar med å samle alle geografi studentar for å gjere sosiale ting saman. Vi har også vårt eige samlingsrom på Dragvoll der man kan sitte å ete lunsj eller slå av ein prat vist man trenger ei pause frå skulearbeidet.
Hva kunne du tenke deg å jobbe med når du er ferdig med studiene?
Eg er litt usikker på kva spesifikt eg vill jobbe med sida det er så mykje interessant. Men eg har veldig lyst å jobbe med å kartleggje potensielle naturkatastrofar og korleis man kan førebyggje og minimere skadeomfang. Det viktigaste for meg er vell også å få ein jobb med mykje variert arbeid der eg kan bli utfordra.
Det var alt for denne gang!
Er det noe mer du lurer på? Sjekk ut Instastoryen til Aslaug her, eller følg linkene under for mer informasjon!
Signe, medievitenskap, 3. år
One thought on “Ukas student: Geografi”