Tre år som arkitektstudent – kvardagen oppsummert

Har du ein draum om å teikne verdas kulaste hus? Ønskjer du å planlegge framtidas byar? Er du fasinert over korleis fysiske omgivnader heng saman med trivsel og humør? Som arkitekt blir du utdanna planleggjar og problemløysar, kombinert med dugleikar som teikning, kreativ tenking og historie.

Teikning under ekskursjon til Italia i 1.klasse

At eg starta på arkitekt for 3 år sidan var nærast ein tilfeldighet. Som mange andre, var eg svært usikker på kva eg skulle bruke resten av livet på. Etter å ha lest studiekatalogen til NTNU opp og ned i mente, var det heldigvis arkitektstudiet som enda øvst på søknadslista.

Teiknesalen
Arkitektstudie er ikkje som andre studiar på Gløshaugen. Kalkulator og lærebok vert bytta ut med limpistol og tapetkniv.Du finn tidleg ut at teiknesalen skal bli din beste venn dei neste fem åra. På teiknesalen tilbringar du lange dagar, og ikkje så sjeldan lange netter også. Her får du ditt eige arbeidsbord og ein pult til å oppbevare utstyr som linjalar, blyantar, kullstifter og limpistol.

I denne videoen, laga av fire førsteårsstudentar, får du eit første møte med teiknesalen og ein småklein introduksjon til arkitektstudiet. Regi: Sindre Johnsen

Skiboli og ALF
I eit rart lite hus, midt på campus, har arkitektane sin eigen møteplass. Under faddervekene møtast fadrar og fadderborn på Skiboli for sosiale samankomstar, dans og moro.

Teambuilding under faddervekene 2011.
Teambuilding under faddervekene 2011.

Etter faddervekene sørgjer Arkitektenes linjeforening, ALF, for det sosiale på arkitektstudiet. ALF arrangerer blant anna fester, kurs for arkitektstudentane, rådgjeving, workshops  og store og små turar. I tillegg har ALF eit eige huskor, og det er nett starta opp eit linjeband.

Lærarane
Som ny student kan det første møtet med arkitektlærarane vere både skremmande og morosamt. Lærarstaben består typisk av mange sterke personlegdomar. Dette inneber også eit svært høgt kompetansenivå blant lærarane. I første klasse hadde me blant andre mykje undervisning med den finske arkitekten Sami Rintalaog årets 1.klasse-kull har fått med seg Andreas og Yashar frå Tyin Tegnestue som veiledarar.

Her kan du sjå ein liten hyllest/parodi av enkelte professorar som vart laga etter første klasse på arkitektstudiet. Regi: Sindre Johnsen

Typisk dag
Dagane blir lagt opp etter korleis Du liker å organisere dagen. Er du ei natteramn, slik som meg, kan du sjå fram til lange netter med musikk og roleg stemning på salen. Eller kanskje er du ein av dei første som kjem om morgonen? Frå 9.15 – 16.00 er det nesten uansett full sal, med høgt aktivitetsnivå. Medan dei fleste andre førelesningar startar 0815, er første førelesning på arkitekt nesten aldri tidlegare enn 0915. Om dette er fordi mange sit lenge om kveldane, eller fordi lærarane er morgontrøtte veit eg ikkje.

Teikesalen2
Slik ser det ut på teiknesalen til 3.klasse

Alle kursa i dei tre første åra på arkitektstudiet har sin eigen blogg, her kan får me oppdateringar, informasjon og ein google kalender som gjer kvardagen lett å organisere. Dersom du ønskjer, kan du ta ein smugkikk på innhaldet allereie no.

http://arkitektur1.blogspot.no
http://arkitektur3.blogspot.no
http://arkitektur4.blogspot.no
http://arkitektur5.blogspot.no
http://arkitektur6.blogspot.no  

Alt det andre
I tillegg til eit innhaldsrikt studie som tek mykje tid, ei aktiv linjeforening og mange nye vener, finst moglegheiter til å drive med alt anna også i Trondheim. Arkitektstudiet på NTNU er unikt med sin trend innanfor realisering av studentprosjekt og bygging i 1:1 målestokk. Døme på dette er Tyin Tegnestue, WS, Project Niafourang og prosjektet Rake visningsrom, som alt er kome etter initiativ frå NTNU studentar.  Sjølv er eg med ei gruppe på seks tredjeårsstudentar. Me kallar oss Rallar Arkitekter, og fekk vårt første prosjekt realisert forrige sumar. Då bygde me eit naust i Haddal på Sunnmøre saman med 21 studentar frå klassen.Rallar Som student i Trondheim har du også moglegheita til å engasjere deg i eit uttal organisasjonar, som Samfundet , UKA, ISFiT og NTNUI berre for å nemne nokon. Sidan mars 2012 har eg jobba som Art Director for ISFiT 2013 – trade your ideas – ei veldig fin oppleving. Ved engasjement utanfor studiet får ein mange nye utfordringar, og møtt folk på tvers av alle studieretningar og skular.

Isfit
Eit utval av effektar og trykksaker som vart laga til ISFiT 2013.

Dette var ei kort og uformell oppsummering av mine første år på arkitektstudiet. Håpar den er til nytte for nokon!

Masse lykke til med val av studieretning og yrkesveg. Hugs å søke innan fristen 15. April.

Film frå byggeprosjekt i 1.klasse arkitekt. Regi: Sindre Johnsen

Film frå København-tur 2.klasse arkitekt. Regi: Sindre Johnsen

Klikk her for enda meir informasjon om arkitektstudiet

 

-Steinar Dyvik, 3.år , Master i arkitektur

2 thoughts on “Tre år som arkitektstudent – kvardagen oppsummert

  1. NB: Det er veldig lite konstruksjons- og byggfag på arkitekturlinjen, nesten utelukkende prosjekteringsfag (konseptutvikling og -testing).

Leave a Reply